Vitenskapelig behandling av M.E. med god effekt


Diagnostikk – markørar – RNAse-L – markøren by Sun
august 7, 2008, 23:53
Filed under: M.E., M.E. i media, M.E.-behandling i Belgia, M.E.-lenker

I kveld har min kjære mann oversett (ikkje så lett å oversette alle faguttrykka…)
ein del av eit intervju som ein nederlandsk pasient gjorde med Professor dr. Kenny De Meirleir.Det hadde blitt oversett til spansk,og eg fann det på ei spansk nettside:
http://www.ligasfc.org/index.php?name=N … le&sid=150


(Para acceder a la entrevista con De Meirleir, haz clic aquí)(trykk)

Her forklarer De Meirleir ein del ang RNase L-molekylet:

«3.5.1 Diagnostikk – markørar – RNAse-L – markøren

(Side 13-14 i intervju med K. De Meirleir)

(Spørsmål):Kor sikker er RNAse-L – markøren?

Dei 3 studia som er gjort viste som resultat at i 88 – 92% av pasientane er RNAse-L oppkutta, mot berre 8% i kontrollgruppa. Og det er naturleg å tru at det også i kontrollgruppa er personar som var sjuke eller hadde ein annan sjukdom.
Eg seier ikkje at endringane i RNAse-L berre skjer med ME!

(Spørsmål):Folk forbind deg med denne RNAse-L markøren. Namnet ditt kunne ha vore RNAse-L………

Heilt tilfeldig var dette den første markøren som vart oppdaga. Og det er denne eg kjenner best. Og den viste seg å vere svært nyttig i dei 11000 pasientane eg har undersøkt. Når fragmentasjonsgraden enno er normal (0,5), veit eg av erfaring at symptoma hos pasienten framfor alt må søkjast i variasjonane i PKR-delen av forsvarssystemet. Dersom RNAse-L nivået er lågt, brukar pasientane likevel å bli nokså bra. Desse personane brukar vanlegvis framleis å ha ein normal funksjon av Natural Killer-celler. I dette tilfellet er andre delar av forsvarssystemet utanom RNAse-L – delen truleg i aksjon. I dei fleste tilfella er det snakk om PKR-delen av systemet.
Saman gjev aktiviteten til RNAse-L og oppkuttinga av RNAse-L, eit godt bilete av situasjonen til den enkelte pasient.
Hos ein som har ein høg aktivitet av RNAse-L, men inga oppkutting av RNAse-L, er ein sterk virusinfeksjon aktiv. Hos ein som har låg aktivitet av RNAse-L, men ei relativt høg oppkutting av RNAse-L, skjer noko heilt annleis, truleg ikkje som resultat av ein nyleg virusinfeksjon. Og vi har også kombinasjonen høg aktivitet og høg oppkutting.
Folk treng ikkje å tenkje for oss!
Eg trur ikkje at du finn 100 plastisk-kirurgar som arbeider på same måten… Ein som ynskjer eit fint ansikt eller ein fin nase spør ikkje om kirurgen brukar RNAse-L eller PKR. Det er berre sluttresultatet som tel… og dette vert oppnådd med dei metodane som er i bruk.
Vi har samla ein del markørar og vi har gjort statistiske studiar på desse for å lage ei ”bestemmelsesbarriere”. Og RNAse-L er ikkje berre svært viktig, men den skil også svært godt. Oppkuttinga av RNAse-L er til stades i 90 – 92% av pasientane med CFS. I den opprinnelege studien til Suhadolnik var antalet pasientar med oppkutta RNAse-L 88%, og i vår 90 og 92%.

[ RENAse-L og PKR er to forskjellige våpen som forsvarssystemet til kroppen brukar. RNAse-L eliminerer inntrengarane i cellene ved å kutte dei opp. PKR hindrar at inntrengarane kan reprodusere seg ved å hindre at dei skal kunne bruke proteinproduksjonen til sin fordel (genetisk aktivitet) hos pasienten ]»

Mvh Sun


3 kommentarer so far
Legg igjen en kommentar

Gracias! Muy bien!

Kommentar av drstockmann

Her ett intervju anno 1998, da RNLase-L-forskningen til KDM var helt ny🙂
http://members.aol.com/rgm1/private/DeMeirleir.htm

Kommentar av flower

Hei!

Hvilke av prøveresultatene til DeMeirleir sier noe om PKR?

Hilsen Vivi

Kommentar av Vivi




Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s



%d bloggers like this: